Sjølv om Christer Sletvold (18) var usikker på kva han skulle stemme på i årets stortingsval, var han aldri usikker på om han skulle stemme.

Framtida
Publisert
Oppdatert 21.09.2017 12:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sletvold er førstegongsveljar frå Sandnessjøen, busett i Fredrikstad, går andreåret med Medier og Kommunikasjon på Noroff Mediegymnas.

– Det er viktig å vere med å velje kven som skal styra landet, viss ikkje har du ikkje noko å seie seinare. Om du ikkje er enig i alt partiet du stemmer på står for, så kan du velje det partiet du er mest enig med, meiner førstegongsveljaren.

Sletvold enda opp med å stemme på SV.

– Utdanning og kollektivtransport var viktige saker for meg, seier han, og legg til at han er nøgd med at det blir ei raudgrøn regjering i fire år til.

18-åringen bestemte seg for kva parti han skulle stemme på kort tid før han gjekk til stemmelokalet. Det blei ein test på nettet som blei utslagsgivande for partivalet.

– Testane er ein lettvint måte å samanlikna politikken til alle partia på samtidig, slår Sletvold fast.

– Eg synest det har vore vanskeleg å finne informasjon om dei forskjellige politiske partia. Alle partia har rotete nettsider, som gjer det vanskeleg å finne ut av kva dei står for, legg han til.

Han synest ikkje stemmeretten skal senkast frå 18 til 16 år.

– Det blir heilt feil. Når du er 16 år er du ikkje så engasjert i politikk, og vel kanskje på heilt feil grunnlag som til dømes billegare alkohol, snus, røyk og færre innvandrarar. Eg ser for meg at det kan vere noko av det nokre 16-åringar legg stor vekt på når det gjeld kva parti dei stemmer på. Då seier det seg sjølv kven som få stemmene til 16-åringane, sluttar Sletvold.

Rundt 70 prosent av dei som har stemmerett i Noreg valde å bruke stemmeretten sin 15. september. Dermed blei valdeltakinga for 2009 den dårlegaste på 80 år.

Det er ennå ikkje avklart kor stor prosentdel av førstegongsveljarane som har vald å nytta stemmeretten sin ved dette valet. I 2005 var valdeltakinga på 55 prosent for denne gruppa, medan den totale valdeltakinga var på 77 prosent.