Kvinnerekord på Stortinget
Delen kvinner valt inn på Stortinget vil for første gong passere 40 prosent, viser prognosen når 85 prosent av stemmene er talt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Mandatfordelinga like før midnatt viser at 71 representantar i det nye Stortinget vil vere kvinner, noko som gir ein prosentdel på 42. I dag er det 67 kvinnelege representantar, som svarar til 39,6 prosent. Også det var rekord ved valet i 2013.
Prognosen viser at eit fleirtal på 25 av Arbeidarpartiets antatte 49 representantar vil vere kvinner. Høgre har ei fordeling på 20 kvinner og 25 menn, mens Framstegspartiet får inn åtte kvinner av totalt 28 representantar.
Høgast kvinnedel får Miljøpartiet Dei Grøne. Deira eine representant heiter Une Aina Bastholm.
(©NPK)