Atle Hansen: – Eg har alltid prøvd å skriva spennande bøker
20 år etter han gav si første bok er Atle Hansen aktuell med Apetryne.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Atle Hansen om teltturen han aldri gløymer
Starten på den nye boka hans, skjer i eit telt. Dei er fleire i same teltet, og brått blir hovudpersonen kalla apetryne, som ein spøk.
– Eg var 10, 11 eller 12 år, og vil aldri gløyma det, seier Atle Hansen.
50 år etter teltturen ein stad på Moster har forfattaren dikta vidare på historia.
– Dei som egla meg hugsa det sikkert ikkje nokre timar etter – det er slik ungar kan oppføra seg. Men for nokon kan det vera vondt, og noko ein ikkje gløymer.
Positivt i det mørke
– Det er ikkje sjølvbiografisk, men utgangssituasjonen er det, påpeikar han, og legg til:
– No kan det vera at tida har gjort noko med minnet. Men eg trur eg kan hugsa korleis det var å oppleva gode og vonde ting på den tida.
Han vil ikkje kalla det ein mobbehistorie, sjølv om gutane i boka ikkje alltid oppfører seg så fint mot kvarandre.
– Eg ville at det skulle vera eit positiv historie. Det er ofte så svart i mange bøker no for tida, eg ville at det skulle vera noko positivt i det mørke. At det er nokon som ser ein, anten det er far din, eller nokon som du er forelska i.
Det er ofte så svart i mange bøker no for tida, eg ville at det skulle vera noko positivt i det mørke.
Dikt i prosa
– Bøkene mine er bevisst lettlesne, men det står ikkje utanpå bøkene mine at dei er lettlesne. Eg vil ikkje vera med på å setja eit stempel i panna på dei som les lettlesne bøker. Folk som har problem med å stokka bokstavane i rett rekkefølgje er ikkje dumme.
– Eg er bevisst på å skriva kort. Eg vil at teksten skal sjå ut som dikt. At folk skal trekkja pusten og lesa noko om igjen, at rytmen i kvar linje og linjefallet, at kvar setning skal ha sin eigen verdi.
– Det er så lett i barnelitteraturen, og elles òg, at språket berre blir eit transportband for handling. Mange bøker handlar berre om å koma fram til målet.
– Det må vera handling så det er kjekt å lesa, men eg meiner det må vera noko med orda som blir brukt som er fint i seg sjølv, som gjer at ein stoppar opp ved ord og setningar.
Prøver å skriva spennande
– Korleis har det vore å vera forfattar i 20 år?
– Eg trur det har vore fint, smiler Atle Hansen.
Sidan han debuterte med Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill på Cappelen i 1997 har han gitt ut om lag éi bok i året. For det meste barnebøker for større ungar.
I Sjørøvar-Jenny og Eineige Bill prøvde han å følgja ein Hollywood-formel.
– Den gongen var det veldig lite spenningsbøker på nynorsk. Felles for bøkene mine er at eg prøver å skriva spennande, sjølv om ikkje alle er typisk spenningsbøker.
Felles for bøkene mine er at eg prøver å skriva spennande, sjølv om ikkje alle er typisk spenningsbøker.
Flesteparten av bøkene hans er skrivne for dei eldste borna på mellomtrinnet. Ungdomsbøker synest han, til liks med sine gode ven Ragnar Hovland, er ein konstruert og ganske meiningslaus sjanger.
– 15-16-åringar kan like gjerne lesa vaksenbøker. Mange av dei klassiske nynorske vaksenbøkene, som Sveve over vatna, er jo eigentleg ungdomsbøker, med store ungdommar i hovudrollene, seier han.
Hansen har lese heile livet. I ungdommen var det mest Jack London, Morgan Kane og John Steinbeck det gjekk i, og før det var det Alexandre Dumas og Americana-litteratur som Hjortefot.
Den største feilen
– Eg er mykje ute på skular og veit at bøkene mine vert mykje lesne der. Men eg skulle jo sjølvsagt ønskt at bøkene blei lese endå meir, og selde i søkk og kav. Kven gjer ikkje det? Men stort sett er eg glad for at eg greier å skriva desse bøkene og få dei gitt ut.
– Den største feilen eg har gjort som forfattar, var å gi ut boka under eige namn, ingen hugsar Atle Hansen, ler Atle Hansen.
For ikkje mange år sidan var det ei av dei store avisene på Austlandet som hadde ein reportasje frå ein skuleturné han var på. Avisa kalla han Atle Nilsen over to sider.
– Men eg er ikkje opptatt av å fremja eigen person, det er viktigare at bøkene blir lese, understrekar Atle Hansen.
Vaksenbok på nyåret
Landsskapet i barnebøkene går føre seg i ein omkrins på 1-2 kilometer frå barndomsheimen på Moster. I vaksenbøkene føregår mesteparten av handlinga i holmane utanfor Moster. Einaste skilnaden er at holmane er større og at det bur folk der.
Forfattaren, som no bur på Stord, kom med si første vaksenbok, Sargasso, i 2003. På nyåret kjem han med si femte vaksenbok, Maria møy, på Wigestrand.
Forfattaren pensjonerte seg frå journalistjobben i Sunnhordland i fjor haust, men turnerer stadig som forfattar og visesongar på skular.
– Det er jo visesongar eg eigentleg er, seier han.