Dårleg sommarvêr gir godt besøk hos badelanda
Det dårlege sommarvêret har ført til at mange badeland melder om ein kraftig auke i besøkstala. Folk strøymer til badelanda.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dårleg vêr sender folk til badelanda
Hos 12 av 14 innandørs badeland som P4 har vore i kontakt med, har det vore fleire besøkjande i juni og første veka i juli i år samanlikna med same perioden i fjor.
Nordlandsbadet i Bodø har den største auken med over 6.000 fleire gjester, men mykje av auken kjem av at speidarlandsleiren i år var lagt til Bodø.
Men også Polarbadet i Bardufoss, Pirbadet i Trondheim, Dampsaga Bad på Steinkjer, Jorekstad fritidsbad på Lillehammer, Ankerskogen på Hamar, Atlanterhavsbadet Kristiansund, Moldebadet, Ado Arena i Bergen, Drammensbadet og Skien fritidspark i Telemark fortel om ein auka besøkstal.
I sørlandsbyen Kristiansand har Aquarama hatt over 1.000 fleire gjester i perioden enn i fjor.
To av dei fjorten bada som P4 har vore i kontakt med, har hatt færre besøk enn i fjor. Det er Østfoldbadet i Askim og Vannkanten i Bergen.