I helga skal 1.400 flyktningar og innvandrarar til topps på Galdhøpiggen
– Det største integreringstiltaket i Noreg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saman med frivillige frå Røde Kors, skal over 1.400 menneske på tur til Jotunheimen denne helga.
Arrangementet, som har namnet Til Topps, er det største integreringstiltaket i Noreg, skriv Røde Kors i ei pressemelding.
Flyktningar og innvandrarar skal gå til toppen av Galdhøpiggen saman med frivillige frå Røde Kors. I år blir Til Topps arrangert for tiande gong.
– Interessa har aldri før vore større, fortel Stein Mollekleiv, president i Norges Røde Kors.
– Vi ser at friluftslivet blir meir og meir brukt av innvandrarar som ein arena for å byggje nettverk, skape langvarige vennskap, trene på å snakke norsk og bli kjent i dei nye lokalmiljøa, seier Mollekleiv.
Etter turen i helga, vil til saman over 11.000 menneske frå rundt 70 land ha delteke på Til Topps sidan starten. Bakgrunnen for initiativet, var at Røde Kors ynskte integrering i praksis.
– Vil ville få fleire til å delta på Noregs mest kjende aktivitet: Å gå på tur! Kort eller lang. Det har vil klart, seier Mollekleiv.