Ny Changemaker-kampanje: Slik vil dei oppdatera skattesystemet

Ungdomsorganisasjonen vil kapitalflukt til livs med «Skatt 2.0».

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Skattesystemet er så utdatert at det ikkje kan løyse dagens problem med kapitalflukt. Det er ikkje tilpassa måten digitale selskap som Facebook og Google opererer på, og det er ikkje tilpassa mengda av handel i verda i dag, seier Changemaker-leiar Tuva Krogh Widskjold.

I dag lanserte organisasjonen den nye skattekampanjen framfor Stortinget, der dei stilte ut ting som dei meiner er like utdaterte som dagens internasjonale skatteregime: datamaskinar utan internett, telefonar utan touch-skjerm, og 90-talsmote.

– Tappar statar for pengar

I kjent Changemaker-stil er kampanjen utført med humor, men temaet er alvorleg: Widskjold viser til tal frå organisasjonen Tax Justice Network, som anslår at heile 500 milliardar dollar i potensielle skatteinntekter forsvinn gjennom multinasjonale selskap til skatteparadis kvart år. Det rammar alle land – også Noreg – men aller mest fattige land i sør, meiner Changemaker.

– Det tappar statar for pengar som dei kunne ha brukt på utvikling, og så må mannen i gata betala i staden. Det finst døme på at den vesle gatehandelen utanfor eit multinasjonalt selskap betaler meir i skatt enn det multinasjonale selskapet, og då er det noko som ikkje stemmer, seier Widskjold.

Changemaker meiner problemet ligg i at  store multinasjonale selskap blir behandla som om dei var mange små selskap, slik at dei kan flytta overskott mellom eigne datterselskap i ulike land for å sleppa skatt.

Skatt 2.0

Oppdateringa Changemaker føreslår kallar dei einskapleg skattlegging, eller «Skatt 2.0». Det går ut på at ein summerer opp kor mykje selskapet tener totalt og fordeler skattegrunnlaget på dei ulike landa selskapet opererer i etter kor verdiskapinga skjer. Dermed skal ein ikkje kunne sleppa skatt ved å flytte overskott til lågskattland der selskapet ikkje har nokon eigentleg aktivitet.

– I EU har dei begynt å diskutere denne nye tilnærminga til skatt, og Noreg kan vere drivkrafta som sørgjer for at systemet blir oppdatert, seier Widskjold.

No håper Changemaker-leiaren at kampanjen, som også omfattar nettsida oppdatere.no i gjennomført 90-talsstil, skal få finanspolitikarane på Stortinget til å utgreia eit nytt skattesystem.