Ap-nei til å flytte fleire arbeidsplassar ut av Oslo

Senterpartiet vil flytte fleire eksisterande statlege arbeidsplassar ut av Oslo, men Arbeidarpartiet vil nøye seg med å etablere nye utanfor hovudstaden.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Arbeidarpartiet vil ikkje ha noka omfattande flytting, seier partisekretær Kjersti Stenseng i til Klassekampen. Framfor å flytte ut eksisterande arbeidsplassar seier ho at Ap heller vil legge nye arbeidsplassar utanfor Oslo.

– Eg er samd med Ap i at vi må etablere nye arbeidsplassar utanfor Oslo, men eg trur ikkje det er tilstrekkeleg. Vi må flytte nokre i tillegg, seier Sps parlamentariske leiar Marit Arnstad.

Dagens regjering med Høgre og Frp har fram til i vår vedtatt å flytte 630 årsverk ut av Oslo. Fleire flytteprosjekt er under vurdering, og summen kan komme opp i 1.200 årsverk.