Ulrikke Falch-stunt får global merksemd

SKAM-skodespelaren ynskjer å fremja kroppspositivitet saman med forfattar og bloggar Susanne Kaluza.

Ragnhild Sofie Selstø
Publisert
Oppdatert 16.06.2017 08:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Falch og Kaluza starta kampanjen #postitgerilja på sosiale media med å henga opp post-it lappar på skular, treningssentrar, t-banen, prøverom og andre offentlege plassar med oppløftande ord som «du er født unik, fortsett med det», «du er verdifull» og «du kan forandre verda».

Falch har blitt hylla for å problematisera kroppspresset på blant anna Instagram. Der oppfordrar ho også følgjarane sine til å bli med å spreia kroppspositive meldingar.

– Det er ein kjempe enkel aksjon for å setja fokus på korleis reklame og media påverkar ungdom. Me har lyst til å vera ein positiv motvekt, sier Falch til VG.

Kroppspositivisme handlar om å akseptera sin egen og andres kropp. Bloggeren Carina Elisabeth Carlsen, også kjent som FetmenFattet, er også aktiv i å fremja kroppspositivitet og har sjølv medverka i postit-kampanjen.

#postitgeriljaen

Et innlegg delt av Carina (@fetmenfattet)

Kaluza seier til Huffington Post at det er gode nyhende at kampanjen er spreidd til andre land.

– Ifølgje Verdas Helseorganisasjon syntest meir ein halvparten av 15-år gamle jenter at dei er feite, sjølv om dei ikkje er overvektige. Det er ein tøff sak å kjempa i mot, men me må prøve. #Postitgerilja er eit forsøk på å ta eit lite steg i den retninga, seier ho.

Huffington Post ber lesarane om hjelp til å spreia bodskapen med å legga ut bilde på sosiale media under emneknaggen #PostitSquad.

LES OGSÅ: – Eg har liksom peaka i popularitet