Blar opp for verdas lengste sykkeltunnel

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Blir verdas lengste sykkeltunnel

Regjeringa løyver 50 millionar kroner til ein 2,9 kilometer lang sykkeltunnel i Bergen. Tunnelen skal gå gjennom byfjellet Løvstakken og blir den lengste sykkeltunnelen i verda. 

– Dette er svært gledeleg, seier byråd for byutvikling i Bergen Anna Elisa Tryti (Ap) til NRK.

Ho kallar løyvinga eit kraftig handslag frå regjeringa til bybane- og sykkelsatsinga i byen.

Bybanen og sykkeltunnelen skal gå parallelt gjennom fjellet. I tillegg til å gjera det enklare for syklistar å koma seg fram, skal sykkeltunnelen også vera rømmingstunnel for Bybanen, fortel kanalen.

Dei 50 millionane dekkjer halvparten av kostnadene med tunnelen. Stortingsrepresentant og leiar av kommunal- og forvaltingskomiteen på Stortinget, Helge André Njåstad (Frp), håpar Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune vil spleisa på resten av rekninga. (©NPK)

Sykkeltunnelen er planlagt gjennom byfjellet Løvstakken, frå Kristianborg i Årstad bydel til kjøpesenteret Oasen i bydelen Fyllingsdalen.
Foto: Sweco/ Bergen kommune