Unge Venstre og KrFU reagerer på tiggarforslag

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Reagerer på tiggarforslag

Byrådspartia, Høgre og Framstegspartiet stemte på bystyremøtet i Oslo sist veke for å vurdere ei meldeplikt for tiggarar i Oslo.

I 2013 kalte SV det same forslaget for «snik-forbot mot tigging».

KrFU og Unge Venstre meiner registrering av tiggarar er svært problematisk.

– Eg meiner det er langt viktigare ting politiet kan bruke ressursane sine på enn å gjere kvardagen vanskelegare for ei svakarestilt gruppe menneske som i utgangspunktet ikkje har gjort noko kriminelt. Kva skal skje med dei som ikkje har registrert seg? Oslo skal vere ein raus by, og da kan vi ikkje løyse sosiale problem med politi, seier Anna Dåsnes, leiar i Oslo Unge Venstre i ei pressemelding.

– Vi forventar at byrådspartia finn fram solidariteten dei hevdar å ha i politikken sin, i staden for å gjere livet verre for dei av oss som har det aller vanskelegast. Det er særs umusikalsk at desse partia kan stå inne for eit slikt vedtak. Spesielt skuffande er det at SV går med på ein iskald politikk vi vanlegvis forbind med Frp, seier Kristofer Olai Ravn Stavseng, leiar i Oslo KrFU.