Berre éin av tre vil ha olje i LoVeSe
Fleirtalet går inn for vern.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dei største partia på Stortinget – Ap, Høgre og Frp – har alle programfesta at dei ønskjer ei konsekvensutgreiing av mogleg oljeutvinning i havområda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja (LoVeSe), men SV, Sp, KrF og Venstre har så langt stilt seg i vegen.
Ei fersk spørjeundersøking som Respons Analyse har utført for Aftenposten, viser småpartia har fleirtalet med seg:
• 43 prosent svarer at dei er negative til konsekvensutgreiing
• 34 prosent er positive
• I Nord-Noreg er motstanden på heile 57 prosent.
Også ei undersøking som Sentio gjorde for Klassekampen før nyttår viste eit klart fleirtal mot oljeboring i havområda.
– Oljebransjen og andre som meiner det er viktig med konsekvensutgreiing, har vore for lite aktive i debatten og i for stor grad overlate arenaen til dei som er mot, seier leiar for Norsk olje og gass, Karl-Eirik Schjøtt-Pedersen til Aftenposten som forklaring på den labre støtta blant folket.
Spørsmålet om oljeboring i LoVeSe ligg an til å bli eit heitt tema også i årets i stortingsvalkamp.
LES OGSÅ: Stor motstand mot oljeboring i nord