Høge bølgjer i scooter-høyring
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Utmarkskommunenes foreining applauderer, mens mange kystkommunar er kritiske til dei nye reglane som regjeringa vil innføre for vasscooterar.
– Oppheving av vasscooterforskrifta er styrking av lokaldemokratiet, meiner leiar Knut Herland i Utmarkskommunenes Sammenslutning (USS). Organisasjonen har 84 medlemskommunar i 16 fylke – hovudsakleg innlandskommunar.
Konklusjonen hans er noko heilt anna enn resultatet i ei meiningsmåling som er utført av Norsk Friluftsliv. Der oppgir 74 prosent av dei 123 kommunane som har svart på undersøkinga, at dei ikkje ønskjer at vasscooter skal likestillast med båt.
– Ikkje frislepp
Klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H) sende før jul på høyring eit forslag om å likestille vasscooterar med andre fartøy og fjerne regelverket som gjeld i dag.
Konkret blir det foreslått å oppheve vasscooterforskrifta og i staden gi kommunane ansvaret for å regulere bruken. Høyringsfristen i saka gjekk ut torsdag, og mange uttalar er komne inn.
Blant motargumenta er at det nye regelverket vil gi eit «frislepp» av vasscooterar. Dette avviser Utmarkskommunenes Sammenslutning, som i staden hevdar at forslaget legg til rette for lokale tilpassingar.
Protesterer
Men i undersøkinga som er utført av Norsk Friluftsliv, ein paraplyorganisasjon for 16 foreiningar med til saman over 900.000 medlemmer, går fram det at nærmare 80 prosent av kystkommunane som har tatt stilling til saka, ikkje ønskjer likestilling mellom vasscooterar og båtar.
– Regjeringas forslag vil føre til meir vasscooterkøyring i høg fart nær land. Dersom vasscooterane skal følgje same reglar som båtar, blir det i praksis fritt fram til å køyre overalt, sa styreleiar Erling Lae til NTB før jul.
NHO Reiseliv går også imot forslaget frå regjeringa.
– Vi meiner det vil auke vasscootertrafikken og innebere ei opptrapping av konfliktnivået i skjergarden, skriv administrerande direktør Kristin Krohn Devold i høyringsuttalen frå organisasjonen.
– Avsporing
Norges vannscooterforbund (NVF), som ikkje overraskande støttar forslaget, meiner debatten om støy, miljø og sikkerheitsrisiko er ei avsporing.
Forbundet avviser også kritikken frå dei som meiner vasscooterar er til fare og sjenanse for badande fordi dei kan køyre på grunt vatn.
– Dette er ei direkte feilkjelde. Vasscooterar har eit innsug under som bør ha ei minimumsdjupn på 1 meter. Dette svarar til ein relativt stor fritidsbåt på 30–40 fot.
– NVF ønskjer ikkje at det skal køyrast vasscooter slik at det kjem til konflikt med badande, kajakkpadlande, roarar eller ved at det belastar område for rekreasjon og ro, skriv forbundet i sin høyringsuttale. (©NPK)