Gratulerer med Pi-dagen
Slik feirar mattenerdar og paientusiastar i sosiale medium.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Datoen i dag, 14.mars (Einstein sin fødselsdag 1879), kan også skrivast med månaden først, slik: 3,14.
3,14 er også starten på den matematiske konstanten π (uttala pi).
Pi er definert som forholdet mellom omkrinsen og diameteren til ein sirkel. Desimalane i pi er mange og komplekse, og den mest detaljerte utrekninga inkluderer så mange som 12,1 billionar desimalar.
Sjølv om 14.mars ikkje er dagen for å memorere fleire desimalar enn kanskje 3,141592, er det likevel ein dag for å ete pai. (For engelskspråklege er vegen kort frå å feire pi-dagen til å feire pai-dagen.)
Her er eit utval frå #PiDay på Facebook, Instagram og Twitter:
We celebrate #PiDay today 3.14 at 1:59! π (3.14159) is a mathematical constant, the ratio of a circle's circumference to its diameter. pic.twitter.com/EfNRHLSXAY
— The Nobel Prize (@NobelPrize) March 14, 2017
På den andre sida har dei all moroa:
Et pai, ikkje tenk så mykje på det!
«You win or you pie»
When you play the Game of Thrones you win or you pie #PiDay pic.twitter.com/WQjoZJir61
— Tyrion Lannister (@GoT_Tyrion) March 14, 2017
Kanskje du kan nytte kvelden på å lage ein paigraf (kakediagram) over favorittpaiane dine?
Dolly Parton er mest glad i pai:
God pai!