Godt år for reindrifta i Finnmark

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Dei høge slaktetala heng saman med uvanleg mange kalvefødslar. Sjølv om talet på rein i fjor var på det lågaste sidan 2002, var kalveproduksjonen blant dei høgste som er registrert for Vest-Finnmark sidan 1980. Totalt blei det registrert 39.000 kalvar. 

Når ein ser på kor mange reinkalvar som døyr, var veksten på 58 prosent. Det er den største veksten sidan 2004, fortel Landbruksdirektoratet. 

Den gode tilgangen på kalvar har altså ført til at det har blitt slakta rekordmange rein. Dei tre siste driftsåra har Vest-Finnmark slakta 67–77 prosent av kalveproduksjonen. Ein så stor del av kalveproduksjonen i Finnmark har aldri tidlegare blitt slakta, skriv direktoratet. 

Også i Karasjok-vest har reindrifta sett ny rekord for kalveslakting dei tre siste åra, heiter det.

LES OGSÅ: Rein er bra for klimaet