Strengare krav til mopedopplæring

Kvalitetssikringa av mopedelevar og -lærarar skal styrkjast. Det betyr meir individuell opplæring, og kan gjere førarkortet billigare for dei flinkaste elevane.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nytt av året er det at trafikkskulane ikkje lenger kan tilby mopedkurs som har eit fast timetal. I staden må ungdommane som ønsker å ta mopedførarkortet gjennom ei meir individuell opplæring, mens mopedlærarar må ha spesialutdanning for å kunne undervise, opplyser Nord universitet i Stjørdal, ein av to studiestader i Noreg som tilbyr trafikklærarutdanning.

Kvart år får rundt 20.000 ungdommar  førarkort for moped eller scooter. Endringane i trafikkopplæringsforskrifta vil ikkje  berre få betydning for kor lang tid opplæringa tek, men kan også få konsekvensar for lommeboka.

LES OGSÅ: Ungdomsrådet i Ørsta vil ha slutt på moped-førarkort

– For enkelte kan førarkortet bli dyrare, for andre billigare enn tidlegare, skriv universitetslektor Jan Petter Wigum ved Nord universitet.

Trafikkbiletet endrar seg og blir meir krevjande, ifølgje universitetet. Det gir behov for betre og meir omfattande opplæring, og særleg vil den nye køyreopplæringa stille strengare krav til strategiske og taktiske val frå mopedføraren.

LES OGSÅ: Sjåførar utan førarkort står for ei av ti dødsulykker