Fleire trur på attvinning

 Færre tvilar på at drikkekartongane dei leverer inn faktisk blir attvunne, ifølgje ei ny undersøking.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Ei undersøking gjennomført av Ipsos i haust viser at delen som tvilar på attvinning har gått ned frå 15 til 12 prosent det siste året.

– Kvart år samlar me inn 35.000 tonn kartongar. Ved å vinna att desse kartongane sparar me nesten 140 millionar kilowatt-timar, om lag det samla energiforbruket til alle som bur i Molde, fortel Jaana Røine, administrerande direktør i Grønt Punkt Noreg.

Fibrane i ein drikkekartong kan vinnast att 6–7 gongar. Om lag 2000 personar svara på undersøkinga.

Klarer du å gjetta kor i landet folk har mest og minst tru på attvinning? I denne artikkelen får du svaret!