KrF-veljarar bakar mest til jul

Framtida
Publisert
Oppdatert 18.12.2017 19:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Opplysningane kjem fram i ei undersøking om julebakst gjort for Nationen. Dei spurde har fått spørsmål om dei bakar til jul og i så all om dei bakar eitt eller fleire slag.

Eit knapt fleirtal held fast på julebaksten, men 43 prosent av dei spurde svarar at dei ikkje bakar til jul. Blant dei som bakar er det 12 prosent som bakar eitt slag og 45 prosent som bakar fleire slag.

Undersøking viser elles at folk på bygda og i mindre byar bakar mest. Kor sterk julebaksttradisjonen er, kjem også an på kor i landet du bur. Bortsett frå Oslo, er folk på Austlandet dei som bakar mest til jul, medan folk i Midt-Noreg og på Vestlandet hamnar i den andre enden av skalaen.

Julebaksten varierer også med familiestorleik, inntekt og utdanning. Undersøkinga viser at det blir baka mest i familiar med fleire personar, høgare utdanning og høgare inntekt.

Til saman 1000 personar over 15 år var med i undersøkinga.