Rogaland sa nei til Vestlandsregionen

Fylkestinget i Rogaland sa tysdag nei Vestlandsregionen.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sa nei til Vestlandsregionen

Fylkestinget sa nei til ei samanslåing av Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, skriv Stavanger Aftenblad.

I forslaget som blei samrøystes vedtatt, skal Rogaland bestå som eige fylke, men viss regionane blir tilført nye oppgåver, vil ein vurdere å samarbeide med Hordaland, skriv NRK.

Sogn og Fjordane har avgjort at dei ønskjer å gå saman med Hordaland og Rogaland om å danne ein ny storregion. Onsdag skal Fylkestinget i Hordaland komme med si avgjerd.

Tysdag  gjekk  eitt  fleirtal i fylkestinget i Møre og Romsdal inn for at fylket skal bestå som eigen region i framtida. Vedtaket inneber at Rindal kommune får bli ein del av Trøndelag, men dei fem andre  nordmørskommunane som ønskjer å gå til Trøndelag, blei avvist av fylkestinget, fortel  NRK.

Fylkestinget i Aust-Agder sa tysdag ja til samanslåing med Vest-Agder. Fylkestinget i Vest-Agder skal stemme over samanslåinga onsdag.

LES OGSÅ: Fleirtalet av høyringsuttalingane er for nynorsk. Bokmålsforbundet skuldar Mållaget for juks