Folk vil ha nynorsk i vest
Stort fleirtal for nynorsk i høyringa om Vestlandsregionen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vil ha nynorsk i vest
I slutten av november gjekk fristen ut for å koma med innspel til planane om å slå saman Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland til storfylket Vestlandsregionen. Over 600 høyringssvar kom inn, og eit stort fleirtal av desse går inn for nynorsk i det nye storfylket.
Nynorsk kultursentrum har tald opp fråsegnene, og opplyser i ei pressemelding at åtte av ti handlar om språk, og at heile 476 gjekk inn for nynorsk.
– Høyringa stadfestar kor viktig nynorsk er for mange på Vestlandet, og kor viktig det er for folk andre stader i landet at den nye regionen blir nynorsk, seier Ottar Grepstad, direktør i Nynorsk kultursentrum.
Fleirtal for nynorsk
Over halvparten av fråsegnene er sendt inn av privatpersonar, men også kommunar og organisasjonar har sagt si meining.
Blant dei som vil ha nynorsk er Bergen kommune, Hordaland Unge Høgre, Sparebanken Vest, Fagforbundet i dei tre fylka, Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum i Odda og Jæren prosti.
Tidleg i oktober inviterte Nynorsk kultursentrum Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag og Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) til ein aksjon der målet var minst 250 høyringsfråsegner for nynorsk. Resultatet blei nesten dobbelt så mange.
– Meiningane er delte om regionen, men språket har ingen lenger sakleg grunn til å vere i tvil om, seier Grepstad.
Truleg nei
Denne og neste veke tek dei tre fylkestinga endeleg stilling i regionsaka, men i Rogaland ser det ut til at det vert nei til samaslåing.
Les meir om Vestlandsregionen her!