Unge i Hordaland får billegare tannlege

Hordaland blir første fylke i Noreg som gir 20- og 21-åringar redusert eigendel.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Alle nordmenn har gratis tannlege ut året dei fyller 18 år. Etter dette får ein 75 prosent rabatt på offentlege tannklinikkar ut året ein fyller 20 år. Etter dette må ein betala alt sjølv.

No har fleirtalet i Hordaland fylkesting blitt samde om å utvida ordninga med redusert eigendel med eitt år.

Hordaland er det første fylket som får billegare tannlege for 21-åringar. Framtida.no har sjekka praksisen i dei andre fylkeskommunane, og alle dei andre held deg seg til minstekravet i lova, som er 75 prosent rabatt ut året ein fyller 20 år.

– Me meiner at tannhelse er så viktig for folkehelsa at det burde vore billegare lengre. No er det sett av éin million kroner i forslaget til fleirtalet til å auka alderen til 21 år, seier representant i fylkestinget for SV, Daniel Charles Hextall, i ein epost til Framtida.no.

LES OGSÅ: Tannsjokk for ungdom

Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne står bak fleirtalsinnstillinga i fylkesutvalet.

– Når studentøkonomien er så skral som han er, er det viktig at me gjer ting som tannhelse billegare. Det er mykje billegare å ta tak i tannproblem tidleg, før dei utviklar seg og blir verre, men om det står mellom å betala tusenlappar hos tannlegen eller å eta ordentleg veit eg kva eg hadde valt, seier Daniel Charles Hextall.

Fylkestannlege Arne Åsan er overraska over at fleirtalet vil gjera tannlegen billeggare for 20- og 21-åringar.

– Det er eit tydeleg signal om at dei vil gi unge ei hjelpande hand, seier han til Framtida.no, og legg til:

– Det er veldig gledeleg.

LES OGSÅ: Kva kostar tannlegen?