Barneombodet uroa for spesialundervisninga
Barneombodet meiner innhaldet i spesialundervisninga i skulen er uklart og seier halvparten av undervisninga skjer utan kvalifiserte lærarar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Uroa for spesialundervisninga
I dag får 49 000 elevar, i gjennomsnitt to per klasse, spesialundervisning i norsk skule, ifølgje Aftenposten.
– Dei som treng gode pedagogar mest, får dei minst kvalifiserte lærarane, ofte assistentar eller ufaglærte. Det heng ikkje på greip, seier barneombod Anne Lindboe.
Barneombodet har lenge vore bekymra for om barn i Noreg får god nok spesialundervisning og har sett i gang ein omfattande gjennomgang av situasjonen. Dei endelege resultata blir lagt fram til våren, men delar av funna er allereie klare.
– Inntrykket vi sit igjen med er at mykje av undervisninga er utan mål og meining. Mange av desse barna er kognitivt veldig sterke, men får på ingen måte utnytta det potensialet dei har, seier Anne Lindboe.
– Vi har sett døme på at elevar blir sett til å steikje vaflar og stable ved, sjølv om dei har gode evner og moglegheiter til å lære – viss dei berre hadde fått tilrettelagt undervisning. (©NPK)