Ingve B. Berntsen (30) frå Hå kommune på Jæren er kåra til Årets unge bonde 2016. Kåringa fann stad under Ung Bonde-samlinga i Oslo laurdag 12. november.
– Eg brenn for jordbruket og for å få fleire til å sjpdet skattekammeret av mulegheiter landbruket og norske gardsbruk faktisk er, seier Berntsen i pressemelding frå Norges bygdeungdomslag.
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale gratulerer vinnaren.
– Det er heilt avgjerande at vi har unge bønder som vil satse på landbruket, som utnyttar ressursane på garden og som leverer produkt av høg kvalitet. Årets unge bonde er ein verdig vinnar, seier Dale i ei pressemelding.
LES OGSÅ: Sa opp jobben i olja, byrja som bonde
Satsar på utryddingstrua rase
Årets unge bonde er heiltidsbonde og har drive gard sidan han var 17 år. Drifta er basert på produksjon av kvalitetskjøt frå den utryddingstrua rasen Vestlandsk Fjordfe. Ingve Berntsen er oppteken av dyrevelferd og har nyleg bygd eit nytt fjøs, med mykje lys og plass. Her tek han sikte på å utvide drifta.
Berntsen er utdanna agronom, i tillegg til ein bachelorgrad i nyskapning og samfunnsutvikling.