Facebook og YouTube trekkjer mest mobiltrafikk
Ti appar utgjer 60 prosent av all trafikken, ifølgje Telenor.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Facebook og YouTube står for til saman 27 prosent av totaltrafikken på mobilnettet til Telenor, opplyser selskapet. Målinga vart gjort i byrjinga av mars og viser kva slags tenester og appar som er mest populære i Noreg.
– Den enorme mengda mobildata som passerer gjennom Telenor Norges mobile kjernenett, er eit godt instrument til å sjå kva slags tenester kundane er opptatt av til kvar tid, seier teknologidirektør Magnus Zetterberg i Telenor Norge.
– Video og bilete er det mest datakrevande, og begge dei to tenestene er populære i alle aldersgrupper i Noreg, seier Bjørn Ivar Moen, leiar for mobil i Telenor Noreg i ei pressemelding.
Etter Facebook og Youtube følgjer Instagram, Snapchat, Netflix, Google og Spotify på lista over tenestene som trekk mest data.
Les også debattinnlegga:
• «Med alle appane blir eg fort forvandla til en usosial, åttearma blekksprut»
• «Slik kan framtidas ungdom bli mindre avhengige av mobilen»