Sjå klimafilmen med Thomas Hayes

– Me treng fleire som tek stilling, seier forfattaren av rapporten bak filmen.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 05.06.2017 15:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg trur me klarar togradersmålet, seier Kasper.

Karakteren til Thomas Hayes viser til det internasjonale målet om å avgrense den globale oppvarminga til under to grader, som vart vedteke på klimatoppmøtet i Paris 2015.

Studie: Me har ikkje sjans til å nå 1,5 gradersmålet

Greenpeace-kampanje
Kortfilmen Fuck fossils tek føre seg kvardagen til ein vanleg norsk familie anno 2050. Verda har runda 9 milliardar innbyggjarar og temperaturen er i snitt éin grad varmare enn i dag.

Marianne Kleven har både manus og regi. Filmen er basert på Framtiden i våre hender-rapporten «En framtid du ikke vil ha» (pdf), og er produsert av selskapet Snöball med frå støtte frå Forskningsrådet sitt program Klimaforsk.

– Me håpar filmen vil ha ein tankevekkjande effekt hjå dei unge. Klima utviklar seg i ein veldig feil retning og det er ei enorm tregheit blant politikarane som må ta avgjerder for å snu dette, sa produsent Jonny Westernes til NRK.no i januar.

I samband med filmen lanserer Greenpeace underskriftskampanjen #Fuck fossils, med eit klimabrev til statsministeren.

«Det er et svik mot dagens unge dersom dere fortsetter å pumpe opp enda mer olje og gass,» heiter det i brevet.

Nasjonal digital læringsarena er også i ferd med å laga oppgåver til bruk i den vidaregåande skulen, basert på filmen og bakgrunnsmaterialet.  

LES OGSÅ: Unge bryr seg meir om klima

Kor mange grader?
I filmen fortel Kasper at mykje har gått rette vegen etter 2025 og innsatsen til «Fuck fossils». Likevel, nyheitsbiletet i filmen fortel om ekstremvêr og ein situasjon der stadig fleire flyktar frå ubeboelege område i Nord-Afrika. Fleire dyreartar, som lundefugl, kvitval, fjellrev og villaks, er utrydda.

Rapportforfattar og leiar i Naturvernforbundet Hedmark, Thomas Cottis, understrekar at filmen viser «det beste våre barn kan håpa på».

Her er han einig med forskingsleiar i CICERO, Steffen Kallbekken, som har vore med i faggruppa for filmen.

– Det kjem til å verte to grader varmare i 2050 med den mengda klimagassar me slepp ut no, spørsmålet er om me klarar å unngå at det vert meir enn to grader varmare, seier Cottis.

Han understrekar også at dette avhengar av kva Noreg og resten av verdssamfunnet gjer no.  

– Det er så enkelt at Noreg må kutte 2,5 millonar tonn klimagassar, noko som tilsvarar 5 prosent. Og me må gjere det no. Dei siste millionar tonna vert dei tyngste, difor er det viktig at me gjer det ordentleg frå starten, slik at me får betre tid, seier han.

Thomas Cottis (FIVH)
Leiar i Naturvernforbundet Hedmark, Thomas Cottis, oppmodar ungdom til å stilla krav. Foto: Andrea Nøttveit

«Fossilgenerasjonen»
Cottis meiner at Noreg bør vera eit førebilete for resten av verda, men at «fossilgenerasjonen» har vist at dei ikkje er villige til å gjere desse kutta.

– Difor er det ungdommen, som skal ha barn som lever om 30 år, som må stille krav no – før det er for seint,  seier Cottis, som er glad for å ha «Skam»-skodespelar Thomas Hayes med på laget.

– Eg har stor tru på at menneskjer med kjendisstatus og tillit i samfunnet går ut og flaggar tydeleg klimaansvaret, men me treng fleire som tek stilling, avsluttar han. 

LES OGSÅ: – Oljeboring i nord er grunnlovsstridig, seier skodespelar og klimaaktivist Emma Thompson