Frp-forslag: La 18-åringar kjøpe sprit
I tillegg vil komiteen gjere alkoholen billigare og meir tilgjengelege for folket.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Programkomiteen i Frp går inn for å senke aldersgrensa på sprit til 18 år.
– Er du 18 år og myndig kan du gjere alt, utanom to ting: Køyre lastebil og kjøpe sprit. Du kan gifte deg, ta opp gjeld, og styre eit land, men du kan ikkje ta ein konjakk til kaffien, seier nestleiaren i Frps programkomité, Harald Tom Nesvik, til VG.
I partiprogrammet som no blir sendt ut på høyring, er det føreslått blant anna også å oppheve monopolet på omsetninga av alkoholhaldige drikkar og fjerne reguleringa av opnings- og skjenketider. Avgiftene på alkohol og tobakk skal også ned.
Forslaga får Arbeidarpartiets Torgeir Micaelsen til å sjå raudt.
– Dette er forslag som betyr mykje for helsa til folk, og om dette blir vedteke, vil vi få eit samfunn med meir vald, auka kriminalitet og meir utryggleik for barn som har foreldre med eit uvettig forbruk av alkohol, meiner Micaelsen. (©NPK)