Her kjem Pippi Langstrømpe – på meänkieli!

Astrid Lindgren sin barnebokklassikar er no omsett til meänkieli, også kjent som tornedalsfinsk.

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Pippi på tornedalsfinsk

Då Pippi Langstrømpe feira 70 år i fjor, oppdaga forfattar Kerstin Tuomas Larsson frå Pajala i Tornedalen nord i Sverige at historia om den handlekraftige jenta enno ikkje var omsett til sitt språk, meänkieli.  

Det ville ho gjera noko med. I samarbeid med Tuula Uusitalo og med støtte frå Kulturrådet har ho no omsett biletboka «Kjenner du Pippi Langstrømpe?», som på meänkieli har fått tittelen «Tunneks sie Pippie Longstrympin?».

Ifølgje Allkunne er meänkieli førstespråket til 40 000-70 000 menneske i Tornedalen og nærare 10 000 utflytta tornedalingar. Omsetjaren sjölv meiner det er viktig for sjölvkjensla til denne språkminoriteten at Astrid Lindgren sin klassikar no er å lesa på språket deira.

– Kvifor skal me omsetja klassikarar? Fordi det er viktig at alle kjenner at «I’m good enough», eg duger, sa Larsson då ho presenterte omsetjinga på bokfestivalen i Luleå denne helga.  

Stolte av språket
Larsson fortalte at då ho vaks opp på 1950-talet, blei språket omtala som «finsk» og var ikkje lov å bruka i skulen. Sidan då har statusen til språket vakse litt etter litt. På 1980-talet kom nemninga meänkieli, som tyder «vårt språk», og i 2000 fekk meänkieli status som offisielt minoritetsspråk i Sverige. No kjem det også fleire og fleire bøker på språket.  

Larsson meiner det særleg er viktig med bøker til dei yngste, slik at nye generasjonar tornedalingar skal bli kjende med og stolte av språket.

– Det er for seint å byrja å læra språk i 1. klasse. Ein må byrja når dei er små, sa Larsson, som også fortalte at ho les vekselvis på meänkieli og svensk når ho les frå Pippi Langstrømpe-boka for ungar, for at dei skal læra begge parallelt. 

LES OGSÅ: Ho har omsett «Fugletribunalet» til engelsk