Bruk haustferien til å ta teoriprøva!
For at elevar på vidaregåande skule skal sleppa å få fråvær når dei skal ta teoriprøva til førarprøva, tilbyr Statens vegvesen i Midt-Noreg eit utvida tilbod i haustferien.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Med unntak av Ålesund og Trondheim som har tilbod kvar dag, tilbyr dei andre trafikkstasjonane i Midt-Noreg til vanleg teoriprøver ein til tre dagar. I haustferien blir dette tilbodet no utvida.
– Hovudvekta av dei som tek teoriprøva til førarkortet er elevar på vidaregåande skule. Statens vegvesen reknar med at ein del ønskjer å bruka haustferien til teoriprøva for å sleppa fråvær og utvidar difor tilbodet, denne veka, skriv Vegvesenet på eigne nettsider.
På nettsidene er det laga ei tydeleg oversikt over kva dagar og klokkeslett det er mogleg å koma innom for å avleggja teoriprøva ved dei ulike trafikkstasjonane i Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag. (©NPK)