Tesla-sjef lovar gøyal tur til Mars
Sjå video av korleis ein million menneske kan bli frakta til den raude planeten!
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Mannen bak både Tesla og romfartsselskapet SpaceX, Elon Musk, avslørte på tysdag planar for korleis han vil frakta menneske til Mars.
Romfartøyet skal ha restaurant, kabinar, filmar og leiketøy for vektløyse.
– Det må vera morosamt eller spennande. Det kan ikkje kjennast trongt eller vera kjedeleg, sa Musk då han la fram Mars-planen sin.
Denne videoen viser eit interplanetarisk transportsystem basert på rakettar som kan brukast om igjen, ein drivstoffabrikk på Mars og 1.000 romskip med plass til rundt 100 personar på kvar.
Den første turen blir dyr, men selskapet ønskjer å gjera turen overkomeleg for dei fleste som ønskjer å reisa, sa Musk. Over tid er målet at prisen blir sett til 100.000 dollar per billett.
Den raude planeten er svært kald og temperaturen varierer meir enn på Jorda. Ved ekvator kan temperaturen variera mellom -90 grader celsius om natta til +25 grader celsius om dagen.
Sist gong Elon Musk snakka om Mars, føreslo han å atombomba Mars for å gjera temperaturen på planeten meir passande for menneske.
QUIZ: Kva veit du om verdsrommet?
LES OGSÅ: Over 1.000 blir trente for å leva og døy på Mars
Sjå heile føredraget til Musk under: