– Klimakatastrofe frå Regjeringa

Natur og Ungdom er ikkje glade for oppstart av ny utlysing av oljefelt.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måndag 29. august melde regjeringa oppstart av 24. konsesjonsrunde i ei pressemelding. Regjeringa inviterer oljeselskapa til å koma med ønske for å leita etter og utvinna meir olje på norsk sokkel.

– Det er hårreisande å sjå korleis Tord Lien drit i alle miljøfaglege råd og går i gang med ein ny tildelingsprosess berre månader etter at han har knust iskanten og gjeve bort store område til oljeindustrien i Arktis, Ingrid Skjoldvær leiar i Natur og Ungdom i ei pressemelding.

Må la olja liggja
I april signerte regjeringa under på Paris-avtala som forpliktar oss til å hindra ein global temperaturauke på meir enn 1,5 gradar. Forskarar ved University College London har tidlegare slått fast at for å «berre» nå eit mål om 2 gradar så må all olja nord for polarsirkelen liggja.

– Regjeringa har mista det siste dei hadde igjen av miljøtruverd. Med denne offensive utslippspolitikken tar me oss stadig lengre vekk frå vona om eit leveleg klima for barna våre og barnebarn. Det er ikkje lenger typisk norsk å vera god, seier Ingrid Skjoldvær leiar i Natur og Ungdom

Vil gå til søksmål
Natur og Ungdom jobbar for tida saman med juristar og miljøorganisasjonar for å utarbeida eit mogleg søskmål mot styresmaktene i samband med den førre konsesjonsrunden. Organisasjonen meiner planen om å bora etter olje i nye område undergrev retten til framtidige generasjonar til liv, og dermed strid mot grunnlova si §112 .

– Med å setja i gang 24. konsesjonsrunde viser regjeringa fingeren til framtidige generasjonar og millionar av menneske som allereie merkar klimaendringane på kroppen. Likevel seier Tord Lien altså pump opp olje, like there’s no tomorrow, seier Ingrid Skjoldvær, leiar i Natur og Ungdom