Frp vil dele Sogn og Fjordane

Slik vil Frp teikna kartet over Vestlandet på nytt.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mens fylkeskommunane Rogland, Hordaland og Sogn og Fjordane no er godt i gang med samtalane om samanslåing, ser Framstegspartiet for seg eit anna vestlandskart: Sogn og Sunnfjord blir slått saman med Hordaland og Rogaland, mens Nordfjord går inn i Møre og Romsdal.

Leiaren for kommunal- og forvaltingskomiteen på Stortinget, Helge André Njåstad (Frp), og Frps parlamentariske leiar Harald Tom Nesvik har denne veka vore på vestlandsturné, mellom anna for å diskutere den nye regionstrukturen. Dei to er no einige om korleis Vestlandet bør sjå ut når prosessen er ferdig, fortel Bergens Tidende.

– Vi har erkjent at ein ikkje klarer å skape ein vestlandsregion som strekkjer seg heilt til trøndelagsgrensa. I Møre og Romsdal lever vi godt med det om vi får Nordfjord over til oss. Ein må ikkje sjå seg blind på at heile fylke skal overleve denne prosessen, seier sunnmøringen Nesvik til avisa.

For austevollingen Njåstad er det viktigaste at Hordaland og Rogaland blir med i den same eininga, men har tar gjerne med seg ein bit av fylket nordafor.

– Saman med Sunnfjord og Sogn blir dette ein sterk region som kan utfordre Oslo-makta, seier Njåstad.

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) avviser likevel ideen om å splitte fjordfylket som totalt uakseptabel.

– Er det éin ting vi er einige om i Sogn og Fjordane, så er det at fylket vårt skal vere samla. Dette gav vi òg klar beskjed om da vi var i møte med regjeringa i går, seier Følling til avisa. (©NPK)