Erdoğan strammar grepet om akademia etter kuppforsøk
Nektar forskarar å reisa ut av Tyrkia.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Forskarar i Tyrkia får utreiseforbod
Styresmaktene i Tyrkia har innført reiseforbod for alle akademikarar ved tyrkiske universitet. Alle tyrkiske akademikarar i utlandet har også blitt instruert om å reisa tilbake til Tyrkia så raskt som mogleg, melder Al Jazeera i dag.
Frå før har regjeringa kravd at over 1 500 dekanar ved universiteta i Tyrkia må gå av. Tusenvis av lærarar og utdanningsbyråkratar har også fått sparken som ein del av dei drastiske utreinskingane i embetsverket som regjeringa har sett i verk etter det mislukka kuppforsøket mot president Recep Tayyip Erdoğan sist veke.
LES OGSÅ: Kva er det med Erdoğan?
«Mellombels tiltak»
Ein representant for tyrkiske styresmakter seier til Al Jazeera at reiseforbodet er eit mellombels tiltak for å hindra at akademikarar med koplingar til kuppmakarane skal forlata landet.
– Universiteta har alltid vore avgjerande for militærjuntaer i Tyrkia, og visse individ er antatt å vera i kontakt med celler innanfor militæret, seier den anonyme embetsmannen.
Akademisk fridom
Reiseforbodet og utreinskingane i akademia vekkjer sterke reaksjonar. Norsk studentorganisasjon (NSO) krev i ei pressemelding at styresmaktene må forsvara den akademiske fridomen, og uttrykkjer solidaritet med studentar og akademikarar i Tyrkia.
– Eit fritt akademia er essensielt for å oppretthalda eit fungerande og demokratisk samfunn. Spesielt i urolege tider er rolla til høgre utdanning avgjerande for å sikra eit trygt rom for diskusjon og debatt om komplekse saker, seier NSO-leiar Marianne K. Andenæs.
LES OGSÅ: Noreg støttar demokratiet i Tyrkia