Oljefondet tener på Pokémon Go
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Statens pensjonsfond utland, også kjent som oljefondet, tok til å investera i Nintendo-aksjar i 1998. Ifølgje Dagens Næringsliv eigde fondet 0,73 prosent av Nintendo den 31. desember 2015, og om det ikkje har selt eller kjøpt av aksjane i år, svarar kursauken til ein oppgang på 1,35 milliardar kroner for oljefondet. Til saman er aksjeposten no verdt 2,66 milliardar kroner.
Presseansvarleg for oljefondet opplyser at dei ikkje ønskjer å kommentera enkeltinvesteringar.
Nintendo, The Pokémon Company og Niantic står bak Pokémon Go. Det er ikkje berre mobilspelet som er årsaka til oppgangen for Nintendo. At aksjen stig heng ifølgje Dagens Næringsliv saman med høvet til å kapitalisera på merkevara Pokémon. (©NPK)
Pokémon-jakta har ført til både bøter og kyrkje-invasjonar. Les meir om spelet her!