NHO oppmodar Oslo-lærlingar til å dra nordover
Næringslivets Hovedorganisasjon ber dei fleire hundre elevane i Oslo som manglar lærlingplass til hausten, om komme seg ut av hovudstaden og dra nordover.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Arbeidsgivarorganisasjonen trekkjer fram Troms og Svalbard som attraktive område med behov for lærlingar.
– Unge må sjå moglegheitene i ein region med den lågaste arbeidsløysa i 2016. Her er det alltid behov for fagfolk, seier regiondirektør Christian Chramer i NHO Troms og Svalbard til Dagsavisen.
Totalt 400 lærlingar manglar arbeidsplass til hausten etter at rekordmange har søkt om lærlingplassar i hovudstaden.
Ifølgje Chramer er det etterspørsel etter fagfolk innanfor yrke som bygg- og anlegg, sjømatindustrien, reiselivsindustrien og skipsbyggingsindustrien i Troms og innanfor elektrofag, byggfag og bilreparasjon på Svalbard.
Utdanningsetaten i Oslo poengterer overfor avisa at fleire kjem til å få lærlingplass når hausten kjem. (©NPK)
Les meir:
Ungdom utan læreplass får svi. Maria Totland er ein av 200 ungdommar i Hordaland som står utan læreplass.
– Alle snakkar om at alle må få læreplass, men nesten ingen snakkar om kvaliteten, seier Nicholas Wilkinson (SU).