Widerøe: Auka flyavgifter rammar Distrikts-Noreg hardast
Nye, endra og auka avgifter gjer det vanskelegare å drive flyselskap der folk treng flysamband mest, meiner Widerøe.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Auka flyavgifter rammar Distrikts-Noreg
Selskapet listar opp ei rekke nye og endra avgifter som inneber fleire millionar i ekstra utgifter, skriv Dagsavisen.
– Flyseteavgifta er utan tvil den som rammar hardast, men det er likevel summen av alle avgifter som gjer det veldig vanskeleg å vidareutvikle eit godt kommersielt tilbod i Distrikts-Noreg, seier kommunikasjonsdirektør Silje Brandvoll i Widerøe.
Ifølgje Widerøe har avgiftene på enkelte strekningar auka med over 50 prosent. Selskapet betener 46 flyplassar i Noreg, mange i grisgrendte strøk med få transportalternativ.
– For mange er Widerøe kollektivtransporttilbodet eller «bussen». På grunn av store avstandar er fly ofte det einaste reelle alternativet, påpeiker Brandvoll. Ruter med lite passasjergrunnlag kan gå frå å vere lønnsame til å bli ulønnsame, seier ho.
Rundt 65 prosent av Widerøes ruter vert drivne kommersielt, og det er her avgiftsauken merkast. Dei andre rutene vert drivne på anbod frå staten, og her får selskapet kompensasjon. (©NPK)
Les meir: