Åtte av ti sparar. Ein av fire veit ikkje kvifor dei gjer det.
I tillegg er det fleire som sparar utan å vite det sjølv.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Åtte av ti sparar
I ei undersøking gjennomført av Ipsos MMI for DNB oppgir 63 prosent at dei sparar, mens 17 prosent planlegg å gjere det innan året er omme. På spørsmål om kvifor dei vil legge pengar til side, svarer heile 27 prosent «vet ikkje».
Det begynte etter finanskrisen i 2009: Statistikken viste større varsemd og auka sparing i norske hushald, mens utlånsveksten syntest å stabilisere seg. Sesongjusterte sparetalfor åra etterpå viser at sparinga heldt fram å auke jamt år for år. Delen som ikkje vet kva dei sparer til, har auka dramatisk.
– Dei siste fem åra har rundt 16 prosent av oss spart utan eit mål, mens det i år er heile 27 prosent, seier forbrukarøkonom Silje Sandmæl til NTB. (©NPK)
Det finst meir statistikk på privatøkonomi som kanskje er litt overraskande:
Test kor mykje du sjølv kan: Kva kan du om økonomi?
– Det er ein ganske tydeleg kjønnsforskjell i folket, seier forskar om norsk økonomikunnskap.