Nei til EU: – Brexit er heilt fantastisk
– Siger for folkestyret, seier Nei til EU-leiaren.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kleveland deltok på ITVs valvake i London natt til fredag og var i ekstase då NTB ringde henne i morgontimane fredag.
– Det er heilt fantastisk, og det har vore stor stas å vere med på det som har skjedd her. Dette er ein siger for folkestyre og demokrati, seier Nei til EU-leiar Kathrine Kleveland.
Kleveland fortel at ho ikkje heilt hadde trudd på resultatet på førehand.
– Det var litt overraskande for oss. Eg er optimist, men må innrømme at det sat lengre inne då dei første resultata om å bli verande i EU kom. Men så vart det klarare og klarare utover natta at det blir ein brexit, seier ho. (©NPK)