Ei bok som set kjenslene i sving

Forfattar Christian Wiik Gjerde tar kjensler på alvor, og gjer dei til ein del av spenninga i «Jakta på firkløveren».

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er sommarferie og skulefri. Alvar og Jens badar med Gulla, leitar etter firkløver, har klubbmøte i trehytta – ja, dei gjer alt det kjekke ein kan gjere på ei øy uti havgapet. Men når ein ny gut flyttar til øya, blir det sjalusi, krangel og forviklingar. Alvar må finne den vesle helten i seg, og det litt kjapt.

Forfattar Christian Wiik Gjerde tar kjensler på alvor, og gjer dei til ein del av spenninga i boka. Det er kanskje det eg likar best med boka.

Boka er sjarmerande, morosam, spennande og rørande. I ein fotballkamp mellom dei tre gutane er det ikkje langt frå gapskratt til medynk.

Av og til kan nok boka verka litt lang, og nokre ting kunne nok kuttast og fortettast. Men når boka til slutt er ferdig, så vil me gjerne ha meir. Åtteåringen min blei heilt hekta på boka, og håpar på meir. Det gjer eg òg.

Boka passar til høgtlesing for dei fleste aldrar, vil eg tru.

Faktaboks

Jakta på firkløveren
Christian Wiik Gjerde
Samlaget 2016