Protesterer mot asylforslag for mindreårige
34 organisasjonar samlast for å protestere mot regjeringa sine forslag om mellombels opphald for barn som flyktar åleine til Noreg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Regjeringa føreslår å gje einslege mindreårige asylsøkjarar mellombels opphaldsløyve fram til dei fyller 18 år, uavhengig av alder og uavhengig av om det ligg føre behov for vern.
LES OGSÅ: Om dei som flyktar og dei som skal ta imot
Først når dei blir myndige får dei vite om dei får bli i landet.
– Det er bredt dokumentert at det å leve med mellombels opphald frårøvar barn livsgleda og gjer dei sjuke. Ingen barn skal måtte leve slik, seier Tove Wang, generalsekretær i Redd Barna.
LES OGSÅ: Vil knuse mytar om syriske flyktningar
Redd Barna er saman med 33 andre organisasjonar, som Raudekrossen, Unicef Noreg og fleire ungdomsparti, er sterkt usamde i regjeringsforslaget.
Under markeringa, utanfor Stortinget torsdag klokka ni, blir partia difor bedt om å røysta nei til forslaget.