Barn kan le 400 gongar dagleg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er på ein måte som med insekt, dei er overalt, men vi veit ingenting om dei, seier forfattar Erna Osland og ler hjarteleg.

Boka «He-he! Ei bok om den livsviktige latteren» har fått mykje merksemd etter at ho kom ut. Sjølv synest forfattaren det er pussig at det har blitt så mykje blest om den vesle boka, som berre er på vel femti sider. 

Ler gjer ho forresten nesten heile tida. Men latter er ikkje å spøkja med.

– Det er jo veldig alvorleg heile greia, slår ho fast.

LES OGSÅ: Vil få barn til å bry seg om klima

Over førti år med latter
Interessa for barn og latter er ikkje ny for Erna Osland. Det er over førti år sidan ho tok til å interessera seg for temaet.

– Arbeidet med latterboka har eigentleg gått føre seg lenge. Då eg tok hovudfag på 1970-talet samla eg på latter med bandopptakar for at eg skulle høyra kva barna snakka om og lo av, fortel ho.

Målet var å finna ut om barnelitteraturen handla om den same humoren, kulturen og tematikken som barna hadde seg i mellom.

Seinare har ho studert barnelatter i klasserommet som lærar og ikkje minst brukt mykje tid på å setja seg inn i det latterforskarar og andre har funne ut om latter.

– Når eg byrjar å interessera meg for eit emne, tek eg først til å samla på utklipp i aviser, høyrer på program, les meg opp og leitar på nettet. Det brukar eg så lang tid på at det kan gå fleire år før eg er klar til å starta.

Dei seinare åra har også dei åtte barnebarna hennar vore ei viktig kjelde.

– Då eg tok til å ta opptak av dei, tenkte eg, jøss, kor dei ler! Dei kan le samanhengande i fem, seks minutt og velta seg rundt av latter.

BOKMELDING: Erna Osland med viktig bok som tek barna på alvor


Det finst mang slags latter. Vi kan til dømes le når vi blir redde. Men vi kan også le for å seia frå om at vi ikkje er farlege. Illustrasjon: Per Ragnar Møkleby 

Mang slags latter
Latterforskarar har funne ut at barn kan le 300–400 gonger på ein dag. Det er tretti til førti gonger meir enn vaksne. Dei minste ungane ler mest. For dei er latteren ein livsviktig måte å kommunisera på.

– Når dei smiler, blir dei vaksne så glade. Då får dei omsorg – og så ler dei endå meir. Det skaper tryggleik hos barnet, forklarer forfattaren.

Etter kvart lærer barna å le av andre ting. Grunnen til at dei ler meir enn vaksne er at dei tøysar meir.

– Det å le er rett og slett ein måte å få venner på, seier ho. Latterforskarar har til dømes funne ut at dei elevane som lo mest, var dei mest populære i klassen.

Blir leiken for brutal, er latteren også ein måte for barna å seia unnskyld på og mjukna opp situasjonen slik at det ikkje blir krangel og konflikt.

Sjølv om det også finst ein skadefro latter som kan skada andre, handlar boka først og fremst den gode og viktige latteren. Effektane av denne er mange. Latter kan både byggja fellesskap, gjera oss sterkare, friskare, rausare, smartare og mindre bekymra.

LES OGSÅ: Latter avslører venskap

Barn på bygda ler mest
I latterboka kjem det elles fram at barn på bygda ler oftare enn barn i byen.

– Ja, det har ein undersøkingar på. Det blir forklart med at viss du skal le, må du kjenna deg trygg, seier Osland.

Ho peikar på at det i byen er fleire ukjende enn på bygda og at det difor er større sjanse for at barn på bygda har fleire dei kjenner rundt seg.

Erna Osland meiner dette er viktig å tenkja på i samband med alle flyktningane som no kjem til landet.

– Du er på ein måte ikkje innanfor før du kan le med folk. Viss du ikkje kan le med nokon, blir du meir og meir utanfor, medan banda mellom dei som ler i lag, blir endå tettare. Det er ei utfordring.

LES OGSÅ: Bygdeborn meir overvektige

Barn blir latterforskarar
Sjølv om det alt er mange vaksne som har fatta interesse for boka, er barna alltid dei viktigaste mottakarane for Erna Osland.

– Eg håpar boka kan føra til at barn blir glade for at dei har ein så fin ting i seg. At dei kan seia, sjå så fint eg fungerer, sjå kva eg kan. Eg kan le, eg kan smila, eg kan kjenna at det er godt i kroppen.

No utfordrar ho barna sjølve til å bli latterforskarar. Ved Dalsøyra skule i Gulen kommune er elevane alt i gang. Eit samarbeid med Nynorsksenteret i Volda er også på trappene.

– Barna har jo sin eigen ekspertise på dette, seier Erna Osland, som ser fram til mykje ny og morosam latterforsking både om barn og vaksne.


Å le fører ikkje berre til at vi blir i godt humør, det er også godt for kroppen. I latterboka kan du lesa om korleis latteren gjer at det strøymer meir oksygen inn i lungene, hjarta pumpar friskare og set fart på blodomløpet. Illustrasjon: Per Ragnar Møkleby