Halvor (14) fekk prøve seg som tingrettsdommar

Då arbeidsveka hans i Vest-Telemark tingrett ikkje baud på straffesaker han kunne få vera med på, tok dei tilsette saka i eigne hender.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Arbeidsveke som tingrettsdommar

Saka var først publisert i Vest-Telemark Blad. 

– Eg er ganske nervøs, men eg trur det blir veldig moro, seier Halvor Edland før den fiktive rettssaka i tredje etasje i Statens Hus i Kviteseid.

Det er fredag, og aller siste dag av arbeidsveka i tingretten. Den unge karen frå Edland har eit ønskje om å studere juss ein gong i framtida, og ville sjå korleis eit framtidig arbeidsmiljø kunne sjå ut.

Kollegaene hans har gått saman om å gje han ei skikkeleg utfordring før han tek helg og reiser tilbake til Vinje. Saman med Are Nygård Bergh, dommarfullmektig og manusforfattar av dagens fiktive rettssak, går han gjennom planen ein siste gong. Så tek han på seg dommarkappa. Han ser rimeleg stolt ut der han står, den 14 år gamle tingrettsdommaren.

LES OGSÅ: Gutane fiksa juss best 

Proff frå fyrste stund
Alle partane i rettssaka blir spela av dei tilsette i tingretten, og fleire av dei har fått nye namn.

– Sidan han ikkje fekk vera vitne til ei ordentleg straffesak denne veka, fann me ut at dette var noko me ville gjera for han, fortel Nygård Bergh.

Klokka ti tek saka til, og ein nervøs, men bestemt dommar kjem inn døra til venstre i rommet. Medan han helsar smilande og går til dommarstolen har heile rettssalen reist seg. Så set dei seg, og Halvor tek på seg ei alvorlegare mine.

– Eg kjem frå Edland, same som partane i denne straffesaka. Eg kjenner dykk ikkje, men er det nokon her som har innvendingar til habiliteten min?

Ingen innvendingar. Alt er klart. Dei tingrettstilsette utan Teaterhøgskulen i bakhand tek på seg maskene og spelar med glans.

LES OGSÅ: Slik blir du dommar 

Sjalusidrama på Edland
Den fiktive saka er: 19. september i fjor blei Kjersti Degnes rana i heimen sin på Edland. Ho blei slege og fråstole personlege eigedelar. Anund Gruve er den tiltalte. Dei er i same omgangskrets, og har ifølgje tiltalte vore meir enn berre vener. No har Anund fått seg ny kjærast, og han meiner dette er motivet til ei hjarteknust Kjersti for å skulde på han.

Bevismaterialet består mellom anna av eit stole Fifa 2015-spel og DNA frå Anund i stova til Kjersti. DNA-et meiner tiltalte sjølv at stammar frå den kvelden dei to såg Odd-Viking heime hjå Kjersti, og det rabla for ho då Anund plutseleg hadde blitt Viking-supporter og begynte å juble då dei skåra. Eit par slag i andletet enda med at han blødde naseblod i stova hennar.

Når det gjeld coveret til Fifa-spelet, som politiet fann heime hjå Anund då dei ransaka bustaden hans, er forklaringa hans enkelt og greitt at han har det same spelet. Midt oppe i det heile er Anund i tillegg ein gamal kjenning av politiet, ein kar som tidleg hamna i feil miljø på Edland og tok nokre litt dumme val. No har han fått livet på rett kjøl att, med fast jobb som snekkar, eige hus og ny kjærast. Han føler seg difor førehandsdømt av den lokale lensmannen.

– Det verkar som om alle myndigheitspersonar her oppe berre har venta på å ta meg for noko, seier Anund.

Litt puls
Sjølv om det er ei oppdikta sak, tek alle partane ho veldig alvorleg. Målet er å vise korleis det verkeleg kunne ha vore. Halvor styrer saka som om han ikkje skulle gjort anna, og blir varmare i trøya for kvart vitnemål. Kvar gong aktor og forsvarar er ueinige skjer han knallhardt gjennom. Etter to timar er vitnelista gjennomgått og prosedyrane lagt fram. Då er det ein letta dommar som hevar retten.

– Var det moro? spør Svein Dag Midtsund, som i dag har spela rolla som forsvarar. Til dagleg er han jordskifterettsleiar.

– Ja, veldig moro, svarar den unge dommaren.

– Har du puls?

– Ja, litt, ler Halvor.

Fekk skrive dom
For å setje skikkeleg punktum for arbeidsveka skal Halvor skrive dommen også. Etter nøye notering undervegs føler han seg klar, men er litt bekymra for kor bra det kjem til å bli.

– Dette blir nok det vanskelegaste, ja, seier Halvor medan han klør seg i hovudet. Att i salen saman med han står Nygård Bergh, og han er full av lovord om den praktikanten sin.

– Eg er kjempeimponert. Det gjekk over all forventing. Eg ville at han skulle lære mest mogleg i løpet av denne veka, og det trur eg han har gjort, seier han.

Halvor nikkar.

– Det er nok ikkje alle som får ei så kul arbeidsveke, seier Halvor fornøgd.