Blest om fjellskikk og fjellvett

Raudekrossen og DNT går nye vegar for å skape blest om fjellvett. Måndag blei den første Fjellvettdagen markert.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Justis- og beredskapsminister Anders Anundsen (Frp) blei flogen i helikopter til Golsfjellet for å gjere den høgtidelege opninga av Fjellvettdagen og ta ein titt på beredskapen i forkant av det store påskeinnrykket i fjellet.

– Eg er veldig oppteken av eit godt samspel mellom styresmaktene og dei frivillige organisasjonane. Eg er utruleg stolt over at vi lever i eit land der frivillige stiller opp i påska år etter år, seier Anundsen til NTB.

Raudekrossen og Den Norske Turistforening (DNT) håpar at folk vil bruke den første måndagen i påskeveka til å pugge fjellvettreglane.

– Vi ber påskefolket starte måndagen med å ta ein fot i bakken. Ein gjennomgang av innhaldet i fjellvettreglane er like viktig som ein gjennomgang av alt utstyret før tur, seier Røde Kors-president Sven Mollekleiv i ei pressemelding.

Fjellskikkpris til NVE

Anundsen fekk også æra av å dele ut Fjellskikkprisen for 2016, som i år går til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Etaten får diplom og statuett for innsatsen med å betre flaum- og skredvarslinga gjennom nettportalen varsom.no.

– Eg blei litt overraska. Det er ikkje kvar dag sånne som oss får ein slik pris. Men eg håpar det bidreg til meir merksemd om flaum, skred og skredfare, seier vassdrags- og energidirektør Per Sanderud til NTB.

Portalen blei oppretta i 2013 og hadde i fjor drygt 425.000 unike brukarar.

Nye fjellvettreglar

Årets fjellvettmarkering vert òg prega av at reglane er komne i ny, modernisert språkdrakt.

– Det er viktig å ha fjellvettreglar som folk kjenner seg att i, meiner Anundsen, som sjølv skal bruke påska på hytta i Telemark.

DNT og Raudekrossen håpar meir merksemd på fjellvett og førebyggjande arbeid kan redusere faren for uhell i påskefjellet. Som regel skjer det fleire hundre redningsoppdrag i påska, av ulike grunnar. Talet på redningsaksjonar er tredobla det siste tiåret.

Faktaboks

Dei nye fjellvettreglane

1. Planlegg turen og meld frå kvar du går.
2. Tilpass turen etter evne og tilhøve.
3. Ta omsyn til vêr- og skredvarsel.
4. Ver førebudd på uvêr og kulde, sjølv på korte turar.
5. Ta med naudsynt utstyr for å kunne hjelpe deg sjølv og andre.
6. Ta trygge vegval. Kjenn att skredfarleg terreng og usikker is.
7. Bruk kart og kompass, vit alltid kvar du er.
8. Vend i tide, det er inga skam å snu.
9. Spar på kreftene og søk ly om naudsynt.

(Kjelde: DNT/Raudekrossen) (©NPK)