Skal ta knekken på lakselusa med lunka vatn
«Eva Elisabeth» skal gje laksen effektivt bad.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Lunka vatn skal ta knekken på lusa
Bremnes Seashore har bygd båt i kampen mot lakselusa. Spesialfartøyet i det nystarta reiarlaget Bremnes Shipping kan avlusa heile 150 tonn laks i timen. Heilt utan bruk av medikament, skriv selskapet i ei pressemelding.
Nyvinninga «Eva Elisabeth» skal døypast i Haugesund førstkommande laurdag. Då vert det også «open båt» for alle interesserte.
– Det er ikkje til å leggja skjul på at me er stolte av den nye båten som også er den første i vårt nye reiarlag. Båten var eigentleg eit dykkarfartøy, men er bygd om for å stetta våre behov. Den er utstyrt med Thermolicer-løysing, fortel adm.dir. i Bremnes Seashore, Einar Eide.
Og det er Thermoliceren som laksen vert transportert gjennom, som er nøkkelen i kampen mot lakselusa.
– Kort fortalt gir me laksen ei naturleg behandling ved å bada fisken i 30 grader i eit halvminutt. Har laksen lus vil denne då felle av og døy. Dette er både effektivt og miljøvennleg, opplyser Eide i pressemeldinga.
Installasjonen om bord på «Eva Elisabeth» er gjort i tett samarbeid med utstyrsleverandøren Steinsvik.
– Me ønskjer å gjera oppdrettsbransjen endå meir berekraftig. Det same ønskjer Bremnes Seashore. At dei er dei første i Norge som bestilte Thermolicer illustrerer det. Med to Thermolicer-linjer vil denne båten ha kapasitet til å avlusa over 150 tonn laks i timen, seier adm.dir. Bjørn M. Apeland hos Steinsvik.
Han fortel at dei har fått svært gode tilbakemeldingar både med tanke på fiskevelferda og effekten behandlinga gjer.
Som produsent av Salma, ei av bransjens sterkaste merkevarer, ser Bremnes Seashore det som heilt avgjerande å vera blant dei aktørane i bransjen som ligg i forkant av utviklinga.
– Me lever av kundane sin tillit. Dei skal vita at me strekkjer oss så langt det er mogeleg for at fisken skal ha dei beste vekstvilkåra og at sluttproduktet vert av topp kvalitet, påpeikar Einar Eide.
«Eva Elisabeth» er i forkant av dåpen blitt testa ut på fleire av Bremnes Seashore sine anlegg.
– Erfaringane så langt er svært positive. Me har fått eit verktøy som gir oss heilt nye og betre føresetnader i kampen mot lakselusa, seier prosjektleiar for ombygginga, Ernst Olav Helgesen.
Han held fram at «Eva Elisabeth» er blitt eit fartøy med moderne fasilitetar og gode arbeidsvilkår for mannskapet om bord. Samstundes er båten fleksibel.
– På svært kort tid kan me flytta oss frå ein merd til ein annan, og frå eit anlegg til eit anna. På denne måten kan me effektivt serva våre 21 ulike lokalitetar, avsluttar Helgesen.