Biedød truar landbruket

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mange ville bier og sommarfuglar har gått nedover både i tal, førekomst og mangfald, lokalt og regionalt i Nordvest-Europa og Nord-Amerika, heiter det i ei vurdering frå FNs naturpanel IPBES fredag.

Organisasjonen seier det også er oppdaga nedgang i artane andre stadar i verda og at moglege årsaker kan vere plantevernmiddel, forureining, invaderande artar og klimaendringar.

Rapporten frå IPBES understrekar likevel kor viktig det er å beskytte pollinatorar for å sikre stabil produksjon av frukt og grønsaker, samtidig som verda står overfor ei utfordring med å ha nok mat til den veksande befolkninga i dei kommande tiåra. (©NPK)