Wallace and Gromit-regissør lagar ny Mummitrollet-serie

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lagar ny Mummitrollet-serie

Wallace & Gromit-regissør Steve Box skal lage ein ny internasjonal TV-serie om Mummitrollet.

– Prosjektet er allereie i gang. Målet er 52 episodar som respekterer dei finske genane til Mummitrollet, seier Filmlances kunstneriske sjef for serien, Marika Makaroff, til FNB.

Teiknar og forfattar Tove Jansson (1914- 2001) gav ut dei opphavlege bøkene om Mummitrollet mellom 1945 og 1970. Filmlance skal samarbeide med arvingane hennar om prosjektet.

Det er tidlegare laga tre ulike TV-seriar om Mummitrollet. Den siste – japanskproduserte «I Mummidalen» – vart laga tidleg på 1990-talet. Det er også TV-serien mange nordmenn kjenner frå Barne-TV på NRK. 

Her er eit lite tilbakeblikk: