«Frost» blir Broadway-musikal

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den amerikanske animasjonsfilmen «Frost», som har henta inspirasjon frå eit H.C. Andersen-eventyr og norsk natur, gjer seg klar for Broadway-publikummet. 

Arbeidet med musikalen har pågått lenge, men no byrjar speledatoane å komme på plass, melder Disney. «Frost» blir rulla ut på Broadway ein gong våren 2018, og sommaren 2017 skal blir det testførestilling, skriv amerikanske medium.

LES OGSÅ: Disney-prinsessene sitt snakkeproblem

Alex Timbers har regien, medan Peter Darling, som har vunne Tony-pris for innsatsen med «Billy Elliot», tar seg av koreografien.

«Frost» er blitt ein enorm suksess verda over etter premieren i 2013. Filmen har vunne Oscar for beste animerte film, og for beste originalsong med «Let it Go».

Det er niande gong ein Disney-film får innpass på Broadway. Den mest berømte er nok «Løvenes konge», som i år feirar 20 år. Til liks med «Aladdin» blir musikalen framleis sett opp – til fulle hus.

Det er ikkje klart kven som skal spele Elsa, Anna, Olaf eller reinsdyr når teppet går opp for «Frost» på Broadway. (©NPK)

LES OGSÅ: «Frost» – farleg for menn?