Frp vil ikkje ha med Sogn og Fjordane

Rogaland og Hordaland Frp går for samanslåing i vest utan Sogn og Fjordane.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Årsmøtet i Framstegspartiet i Rogaland gjekk i helga inn for å slå Hordaland og Rogaland saman til ein ny region, men utan å inkludere naboane lenger nord.

Prinsipielt vil Frp kvitte seg med heile regionnivået i forvaltninga, men meiner likevel ein større vestlandsregion er verd å kjempe for så lenge regjeringa ønskjer naboprat og større regionar.

LES OGSÅ:Blir Stavanger den nye hovudstaden på Vestlandet?

Gruppeleiar i Rogaland Frp Terje Halleland som saman med gruppeleiar Terje Søviknes i Hordaland Frp laga resolusjonsforslaget som fylkesårsmøtet vedtok, er skeptisk til å inkludere Sogn og Fjordane.

– Vi vil at grensa i nord og i sør kan tilpassast, og kanskje skal grensa i nord gå i Sognefjorden. Men å ha med heile Sogn og Fjordane trur vi ikkje er ei god løysing, seier Terje Halleland, som meiner «Sogn og Fjordane har ein litt annan kultur og litt andre målsetjingar» enn fylka lenger sør har. (©NPK)

LES OGSÅ:Vil bli kvitt fylkesgrensa