Koding blir valfag
Frå hausten kan ungdomsskoleelevar i over 30 kommunar få tilbod om koding som valfag.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eit viktig mål med å innføre koding som valfag er å auke elevane si interesse for teknologi og realfag. Gjennom koding får elevane erfare at realfaga er kreative og spennande, og ikkje minst er desse kompetansane viktige i framtida, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.
Eit pilotprosjekt med programmering som valfag skal gå over tre skoleår og startar etter planen opp hausten 2016. Over 30 kommunar kan bli med i prøveprosjektet og private skolar kan også delta.
LES OGSÅ: Bør kidsa kode på skulen?
– Elevane får lære korleis datamaskinar og program verkar og dei får opplæring i ulike programmeringsspråk og deira bruksområde. Eksempel på oppgåver kan vere å programmere eigenutvikla robotar og å lage enkle dataprogram eller animasjon, forklarar kunnskapministeren.
Det nye valfaget er utvikla saman med Senter for IKT i utdanninga. Lærarar på skolane som blir med i prosjektet får tilbod om ein eigen MOOC i koding og det skal vere faglege samlingar for skolane som er med i forsøket.
– Gjennom å teste ut koding som valfag på nokon utvalde pilotskolar, skaffar vi oss viktige erfaringar. Gjennom prosjektet får lærarar som vil auke dei teknologiske kunnskapane sine moglegheit til å lære meir om programmering og koding, understrekar Røe Isaksen.
LES OGSÅ: Her lagar elevane legorobotar
Kunnskapsministeren får sjå korleis Andrea Tinholt (13) lagar ein robot. Foto: Kunnskapsdepartementet
Faktaboks
► Eit treårig forsøk med koding som valfag på ungdomstrinnet startar hausten 2016.
► 1. mars er fristen for å søke for kommunar og skolar som vil vere med.
► Over 30 kommunar kan bli med i prosjektet. Dei vil få støtte undervegs frå Utdanningsdirektoratet og Senter for IKT i utdanninga.
► Regjeringa har sett av 15 millionar kroner over tre år til forsøket med koding som valfag.
► Les meir om prosjektet på nettsidene til Utdanningsdirektoratet.