Aksjonane held fram ved Førdefjorden

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I går sperra 14 aksjonistar frå Natur og ungdom vegen opp til Engebøfjellet i bygda Vevring i Sogn og Fjordane.

Aksjonistane fekk beskjed av politiet om å fjerna seg, noko dei nekta. Rundt klokka 15 vart dei frakta til Florø politistasjon av politi og brannvesen.

Aksjonistane fekk kvar si bot på 10.000 kroner, samt ferdselsforbod på 150 meter frå vegen og anleggsområdet.

LES OGSÅ: Politiet aksjonerte mot Natur og Ungdom

Fekk frakta maskinene
Etter at demonstrantane var fjerna i går frakta Nordic Mining anleggsmaskinene opp på Engebøfjellet.

Ved 14-tida i dag hadde seks nye aksjonistar kledd seg for snøvêret og lenkja seg fast til ei beltevogn og to boreriggar, for å hindra arbeidet.

Natur og Ungdom melder at dei har over 2000 personar, som har sagt seg villige til å delta i sivilt ulydige aksjonar mot det omstridte gruveprosjektet.

LES OGSÅ: Natur og Ungdom blokkerer vegen ved planlagt gruveanlegg

Nøgd leiar
Natur og Ungdom kjempar mot selskapet Nordic Mining, som har fått løyve til å bore etter mineralet rutil i Engebøfjellet og dumpe gruveavfallet i Førdefjorden.

Etter planen skulle selskapet Nordic Mining starta med prøveboringar i området tysdag, men vart forseinka.

Det var leiar i Natur og Ungdom Ingrid Skjoldvær, som sjølv var blant demonstrantane, nøgd med.  

Skjoldvær er ikkje innstilt på å gje seg og kritiserer Regjeringa for å ikkje lytte til miljøfaglege råd, når dei let Nordic Mining dumpe gruveavfall i fjorden.

– Desse aksjonane er berre byrjinga på det som ventar om Nordic Mining får setje i gang med dumping av gruveavfall i Førdefjorden. Me er mange og me vil gje alt for fjorden, seier Skjoldvær i dagens pressemelding.

Ifølgje Bergens Tidende var politiet varsla klokka 15 og er på veg til staden, som er ein 45 minutts gåtur frå vegen om ein ikkje har beltevogn.

Faktaboks

Dette er saka:

I april 2015 fekk selskapet Nordic Mining løyve til å grave fram mineralet rutil frå Engebøfjellet i Naustdal kommune i Sogn og Fjordane

Avfallet skal dumpast i Førdefjorden, utanfor bygda Vevring

Planane er klaga inn til EFTAs overvakingsorgan ESA og til Kongen i statsråd

Klagene er enno ikkje behandla, men selskapet har fått løyve til å sette i gang med prøveboringar frå tysdag

Ifølgje NRK skal to boreriggar bore 37 hol i fjellet dei neste to månadene, til saman 6.000 meter med borekjerne.