Natur og Ungdom blokkerer vegen ved planlagt gruveanlegg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Natur og Ungdom blokkerer vegen

Ifølgje leiar Ingrid Skjoldvær har Natur og Ungdom 15 personar på staden. Dei har tatt med seg lenker og er førebudde på å lenke seg fast.

– I første omgang har vi sett opp nokre trebukkar i vegen og ein lavvo. Vi har folk som passar på døgnet rundt og kjem ikkje til å sleppe anleggsmaskiner forbi, seier Skjoldvær til NTB.

LES OGSÅ: Ingrid skjoldvær er ny leiar i NU: Lovar kamp mot olje og gruvedumping

Klagar til Kongen
Organisasjonen er førebudd på ein fleire veker lang aksjon og seier dei har nok av folk til å halde det gåande lenge.

– Vi har hittil samla over 2.000 personar på liste for sivilt ulydige aksjonar mot det omstridde gruveprosjektet, skriv organisasjonen i ei pressemelding.

Nordic Mining har fått løyve til å grave fram mineralet rutil frå Engebøfjellet i Naustdal kommune i Sogn og Fjordane. Avfallet skal dumpast i Førdefjorden, utanfor bygda Vevring.

Planane er klaga inn til EFTAs overvakingsorgan ESA og til Kongen i statsråd. Klagene er enno ikkje behandla, men selskapet har fått løyve til å sette i gang med prøveboringar frå tysdag, ifølgje Natur og Ungdom.

LES OGSÅ: Reiselivet i vest kritisk til deponi i Førdefjorden

Ifølgje NRK skal to boreriggar bore 37 hol i fjellet dei neste to månadene, til saman 6.000 meter med borekjerne. (©NPK)