Fuglekikkar-paradiset Noreg
På få år har Varangerhalvøya i Finnmark vorte eitt av dei hottaste reisemåla i verda for fugleinteresserte. Fuglekikking er ein reiselivsnisje med stort potensial mange stader i Noreg, går det fram av ein ny rapport om «birding»-turismen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Noreg og Varangerhalvøya blir no rangert som eitt av dei ti mest attraktive reisemåla i verda for dei som har fuglekikking som hobby og lidenskap. Dit valfartar hobbyornitologar frå fjern og nær for å sjå mellom anna stellerand, praktærfugl, gulnebblom og jaktfalk, går det fram av rapporten «Birding in Norway"», som arkitektkontoret Biotope i Vardø har laga for Innovasjon Noreg.
– Varanger er sjølve flaggskipet for fuglekikking i Noreg, men om vi hadde fleire fugledestinasjonar, hadde Noreg vorte eit enda meir spennande og interessant reisemål, seier arkitekt og fuglekikkar Tormod Amundsen i Biotope.
LES OGSÅ: 2016 kan bli gullår for reiselivet
Frå Lista til Svalbard
Arkitektkontoret har spesialisert seg på naturbasert reiseliv, og saman med Innovasjon Noreg og lokale reiselivsaktørar har kontoret vore med på å utvikle fuglekikkarturismen i Varanger dei siste seks åra.
Andre attraktive område som Biotope trekkjer fram i rapporten, er Smøla, Utsira, Jæren, Lista, Hardangervidda, Dovre, Trondheimsfjorden og skogane i Trøndelag, Vega og Helgelandskysten, Senja, Røst og Lofoten, Svalbard, Tromsø og ugleskogane i Hedmark. Naturgrunnlaget finst mange stader, men føresetnaden for å lykkast er at det finst meir enn éin attraksjon i området, poengterer Amundsen.
– Mangfald og spesialiserte opplevingar i kombinasjon er det som skaper ein sterk destinasjon. Klarer du det, da har du ein innartiar, seier han.
På Smøla har dei til dømes den største hekkebestanden av havørn i heile verda. Havørn er ein imponerande fugl mange vil sjå, men samtidig har øya mange andre spennande artar å by på, som overvintrande dykkender, sjøorre, svartand, ærfugl og havelle.
– Det er mange stader i Noreg du kan dra til for å oppleve havørn, men det er få plassar du kan oppleve havørn så nært og spektakulært som på Smøla. Det gir Smøla ein heilt særeigen posisjon i norsk samanheng – og i verdssamanheng for den del, seier Amundsen.
LES OGSÅ: Brimi Sæter til Berlin
Populær hobby
Mens nokså få nordmenn driv med fuglekikking, er aktiviteten meir populær i Nord-Amerika og delar av Vest-Europa. Ifølgje Biotope finst det 18 millionar fuglekikkarar i USA og 7,8 millionar berre i Storbritannia. Fuglekikkinga grip dessutan om seg i Asia og særleg i Kina, går det fram av rapporten.
Organisasjonen Birdlife International reknar med at rundt 7 millionar menneske kvart år kryssar landegrenser primært for å sjå på fuglar.
Dei ivrigaste kastar seg på første fly når jungeltelegrafen varslar om spesielle observasjonar ein stad. Da ein sjeldan stillehavsærfugl dukka opp i Vardø for to år sidan, kom hundrevis av fuglekikkarar frå kontinentet for å sjå han.
– Dette var éin stillehavsærfugl som låg i ein flokk med 30.000 vanlege ærfuglar og praktærfuglar. Da er sjølvsagt utfordringa å komme til rett plass, så finne denne kjempeflokken med ærfugl, og så er det å sitje i fleire timar å sjå gjennom alle desse ærfuglane for å sjå om du klarer å plukke ut den eine som skil seg litt ut, fortel Amundsen.
LES OGSÅ: Vil sjekka kvaliteten på norsk reiseliv
«Trofé»-jakt»
– Det er kanskje nærliggjande å samanlikne fuglekikking med fisking. Begge delar handlar litt om at du aldri veit heilt når du treffer blink og får den store gevinsten. Eg trur mange fuglekikkarar er på jakt etter akkurat den kjensla.
Reiselivsaktørar som vil nå denne spesielle målgruppa, må helst bli ein del av miljøet. Fuglekikkarane kommuniserer mest med kvarandre via eigne nettverk, sosiale medium og bloggar og møtest på eigne messer og festivalar.
– Det internasjonale fuglekikkarmiljøet blir i stor grad drive av bloggarar som skriv om fugl, og som har andre fuglekikkarar som publikum. Turoperatørane for fuglekikkarar er sjølve fuglekikkarar og promoterer seg mot fuglekikkarar. Miljøet betener i stor grad seg sjølv, seier Amundsen.
LES OGSÅ: Eit kortreist år
Fuglekikking i kikkerten
Fuglekikking er ein nisje vi kan lykkast med i Noreg, sjølv om verkemidla er litt annleis enn dei tradisjonelle, trur Haaken Christensen, fagspesialist på naturbasert reiseliv i Innovasjon Noreg.
– Vi har jobba lenge med sosiale medium som marknadsføringskanal, men denne måten som vi ser i fuglekikkarmiljøet, er ei heilt anna form for kommunikasjon enn det vi er vande til. For oss er det spennande å lære meir om det å jobbe mot såpass spesifikke nisjar, seier Christensen.
– Av dei nye naturbaserte nisjane ser vi no på fuglekikking ved sida av toppturar og kajakkpadling. Det er dei tre vi har i kikkerten, kan du seie.
Nisjesatsingane kjem ved sida av dei naturbaserte hovudsatsingane dei siste åra, sykkel, vandring og fiske.
Innovasjon Noreg legg likevel ikkje opp til noka storsatsing på fuglekikking i denne omgangen, men har planar om å arbeide med kompetanse- og nettverksbygging, mellom anna i form av fagsamlingar i dei mest relevante regionane.
– Vi har verken nok folk eller pengar til å dra i gang noko stort konsept rundt dette enda, men på sikt håper vi å få det opp å stå, seier Christensen.